Åpningstider til Baadehuset annonseres i Espevær kalenderen

Fotoalbum fra Baadehuset

Historien om Baadehuset

Baadehuset, eit handels- og bustadhus frå 1850-talet, reist i ei historisk viktig tid for Vestlandskysten då vårsildfisket og hummarfisket sørgde for store inntekter til landet. Espevær låg sentralt til, hadde lune hamner og rike fiskebankar. I lange periodar var det stor aktivitet på saltebuene langs sund og vågar. Her var det pengar å tena både for høg og lav.

Det er veninnene Karin Tollevik, Espevær, og Kari Shetelig Hovland, Bømlo, me kan takka for at Baadehuset eksisterer. Dei såg verdien i det falleferdige huset og fekk Fylkeskonservatoren, Riksantikvaren, Espevær Husmorlag og dugnadsvillige pensjonistar i Espevær med på laget for å redda det.

I dag er Baadehuset både eit minnesmerke og eit museum. Huset er svært lite endra frå det blei bygd, og det er utstyrt med tidsrette møbler og utstyr. Baades Kjøkken med grue har lerret og videokanon og fungerer som resepsjon, foredragsal og festlokale. Saman med kjøkkenet blir dette lokalet leigd ut til arrangement. Ei lita skulestove er innreia på loftet i vest med utstyr og bilder frå Espevær Skule. På skrårommet ved sida står Espevær Helselag sitt utstyr, både til transport og utleige. På loftet i aust er det dei mange fiskeria og fangstreisene som dominerer. Her er det bilder, utstyr og reiskapar frå fleire Espeværsbåtar. Noko utstyr knytta til jordbruk og husstell er også stilt ut.

Elles inneheld huset stover og soverom som var i bruk av eigarane - andre var gjestgjevarstover. I sommarsesongen er Baadehuset ope kvar dag frå rundt St. Hans til uti august. Då blir historia om Baadehuset og Espevær fortalt saman med lysbilder frå eldre og nyare tid.

For barna er det teiknekrok inne og leiker utanfor. Inne får ein kjøpt kaffi, te, is, brus og litt å bita i. Grupper kan avtala andre omvisingstider på mobil 98299335. Baadehuset har bankterminal og Vipps.

For å koma til/frå Baadehuset må ein ta kabelferja over Norda Sundet. Ferja er sertifisert for 4 vaksne og kostar 20 kr for ein overfart. Kun norsk 20-kroning kan brukast.

Velkommen til Baadehuset

 

Kontaktinformasjon:

TorKontakt:Torfinn Bie - 950 54 100 eller Olga-Marie Bie Kjøpstad - 982 99 335

Baadehuset kan også leies til arrangementer og lunsj til grupper kan avtales.

 

 

For meir informasjon: gå inn på Baadehuset – Espevær si Facebook-side eller Opplev Bømlo si nettside.

Følg også med på kalenderen på www.visitespevaer.com for andre aktivitetar på Espevær.