Årets pepperkakeøy

Årets pepperkakeøy

Publisert av John Elter den 09.11.16.

Gamleposten vil invitere alle til å bidra til årets pepperkakeøy. Lag noko av pepperkaker, eit hus, ein båt eller kanskje hummerparken? 
Lever bidrag i Litleposten innan 25.november. Silje og Rollaug lagar utstilling klar til 26.november. Denne dagen inviterer me alle til åpning av verdas kanskje minste julegate. Meir info kjem snart🌟

Viktig, bidrag til pepperkakeøya bør ikkje væra større enn eit A4 ark. Torstein er utnevnt til dommar, og me trekk ein vinnar i romjula.

God førjulstid