Gamleposten 5444 - Sommeren 2020

Gamleposten 5444 - Sommeren 2020

Publisert av John Elter den 12.08.20.
Takk for ein flott sommersesong 2020
Så har me vert, og er i ei spesiell tid. Covid-19 kom, og ingen av oss visste kva sommar me fekk eller akkurat korleis hausten blir.
 
Gamleposten har drifta sommersesongen sin med rekordgode besøkstal. Gjestene våre har vist klokskap i tilnærming til koronarestriksjoner, og har samtidig fylt stovene våre gjennom 7 veker med latter, gode augeblikk og fine opplevingar. Me er så takknemlege for alle som har besøkt oss.
 
Sesongen i Gamleposten er nå over for i sommar, og lærarsøstrene er klare for eit nytt skuleår.
Me har ein fantastisk gjeng å arbeide saman med, og ingen ville me vært foruten. Så ein stor takk til servitørane våre, for humør, arbeidsmoral og fantastisk kundebehandling! Me er stolte over dåkå. Emilie, Tina, Ingrid, Tonje, Stefan, Nora, Anne, Maren og Christine, takk for sesongen og lykke til med studier og førstegongsteneste.
Takk til Jin og Jimmy for alle matopplevingane i sommar.
 
Gamleposten kjem snart ut med datoer for haust-og vinterprogram.
 
Tusen takk for alle øyeblikka me har delt i sommar.
Helsing Torstein, Rollaug og Silje