Søndag 2. oktober 2016 - kl 1500 på Espevær grendahus.
Gratis inngang, mulighet å kjøpe noko å bite i på grendahuset.
Hummarfisket startar – som alltid – 1. oktober, difor høver det godt med eit historisk attersyn på dette tradisjonsrike og spanande fiskeriet.
Og ingen stad passar det betre å gjera det, enn nettopp Espevær, ei av dei store hummarmottaka i fleire hundre år, der dei framleis har den store, flotte hummarparken.
Bømlo folkebibliotek, i samarbeid med ei gruppe historisk interesserte folk på Espevær, inviterar til eit par timar med hummarhistorie og gode forteljingar.
- Me er stolte over å ha med Oddmar Hatlevik frå Espevær, best kjend som trålar, men som også har fiska mykje hummar.
- Ole Torget kjem frå Brandasund, ei anna stor hummarhamn. Han har vore kystfiskar heile livet, og dratt mange hummarteiner.
- Formann i styret for Stiftinga Hummarparken, Svein Barane, blir med for å fortelja om hummarfisket frå gamalt av – og fram til i dag. Han er omvisar i parken, og veit det som er verd å vite.
Kristine Sele er ordstyrar.
Tidspunktet er tilpasset de som vil ta skyssen fra Eidesvik til Espevær kl 14:05 med retur fra Espevær til Eidesvik kl 17:15.
Se rutetabell her